Hentet fra regjeringen.no

Totalforbodet mot blyhagl er oppheva. Regelverket tillet no blyhagl til jakt på jaktbare artar som ikkje hovudsakleg oppheld seg i våtmark.

Mellom anna vil jegarane kunne bruke blyhagl til jakt på rype, storfugl, kråke, hare, rådyr, mår, mårhund og villmink, samt gjess som oppheld seg på innmark. Sjå forskrifta for fullstendig liste over artar. I tillegg er det framleis forbode å bruke blyhagl på skytebaner.

Stortinget vedtok 3. februar at regjeringa skulle legge til rette for bruk av blyhagl til jakt utanfor våtmarksområder og skytebaner. Regelverksendringane følgjer opp dette Stortingsvedtaket, og legg til rette for bruk av blyhagl til jakt utanfor våtmarksområder og skytebaner.

I samsvar med vedtaket frå Stortinget vil regjeringa også følgje utviklinga i bruken av blyhagl, og innhente meir kunnskap om helsekonsekvensane ved bruk av blyhagl på jakt.

 

Eit alternativ til innrettinga blyhaglreguleringa kunne vore å forby bruk av blyhagl i våtmark.

Eit slikt reint geografisk avgrensa forbod vart vurdert allereie i 1991. Styresmaktene gjekk bort frå eit geografisk avgrensa forbod fordi det i praksis var svært vanskeleg å vurdere om eit område kan reknast som eit våtmarksområde. Det er vanskeleg å angje eksakt kvar Noregs tusenvis av våtmarksområder startar og sluttar. Forbodet vart difor innretta med eit forbod knytt til artar. Denne vurderinga gjeld også i dag.

Det nye regelverket er utforma på eit vis som gjer det mogleg å etterleve og handheve. Det tek omsyn både til styresmaktene sitt behov for å kunne føre kontroll, men også jegaren sitt krav til rettstryggleik.

Les også

Forskrift om endringer i produktforskriften (blyhagl)

Forskrift om endringer i forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst (om blyhalgforbudet)

Translate »

Pin It on Pinterest